Velkommen til
Systad Service As
Me held til på Høyheimsvik i Vestland fylke. Selskapet vart etablert av Jarle Systad 2021, og stiller med solid erfaring og kunnskap frå tidlegare. Vel du oss, får du ein samarbeidspartnar som kjenner behova dine.

I 2021 tok Jarle Systad i Systad Service AS over etter Magne Moen som dreiv Marifjøra Handel. Marifjøra handel har historie tilbake til 60-talet der svigerforeldra til Magne dreiv kolonialbutikk med sal av kraftfor, gjødsel og dynamitt. Magne Moen drifta dette i ca 30 år før Jarle tok over.
I dag driv me i hovudsak med salg- og distribusjon av sprengstoff og tennmidlar. Systad Service AS er forhandlar av Orica sine produkt.
I tillegg forhandlar me borstål gjennom Sandvik, rystelsesmålar gjennom Frekventia og skytematter gjennom Sørlandsmatta. Systad Service AS leiger og ut personell til bygg- og anleggsbransjen.